Urbrøl fra Sidsel og Stian

– Hei og velkommen til runde nummer tre med Artist in Residence Sidsel Endresen. Konsertkonferansier Tor Hammerø spår at det vert ein festaften.

Om du ikkje har vore borti desse to i fri utfaldelse før: Mi første oppleving med Endresen og gitarkrigar Stian Westerhus i 2010 sit som spikra. Åstaden var Victoria Nasjonal Jazzscene, og duoen radbrekte alt eg trudde eg visste om song og gitar.

Bak ein bukett av effektboksar står Stian som gir oss ein var start, før Sidsel svarar med repeterande fraser, både tekst- (sidselsk, sjølvsagt) og melodimessig. Det er heilt nydeleg, og ein fryd å ikkje berre å få høyre, men å få sjå frå første rad korleis dei jobbar. For det er to uvanlege musikkatletar vi har med å gjere. Soloduoen sitt samla arsenal av originale klangar er av uant storleik, Endresen er heilakustisk og Westerhus elektronisk. For underteikna er dette samarbeidet ein favoritt frå Endresen si merittliste.

foto: Jan Granlie

Dei to på scenen ser sjeldan på kvarandre. Det er ikkje naudsynt. Samspelet deira er noko for seg sjølv. Sidsel temjer smil under attlatne auge. Det er tydeleg at ho nyt skapingprosessen Stian jobbar med. Grensesprengjaren freistar å knuse fjell for å veve tepper av granitt og den kvitaste nysnø til henne. Han meistrar det, kompromisslaust, svøper dei varsamt kring Endresen, som broderer dei vakraste, abstrakte mønster med heile sin sidselske palett. Eit nytt meisterverk. Ein komplett symbiose.

To gongar i løpet av konserten vert det fullstendig vindstille i salen, i fleire sekund. Publikum klarer (heldigvis) å spare applausen. Sidsel avslutter når det er nok, og det med eit urbrøl.

 

Besøkt 36 ganger