I Tarkosvskis film Stalker blir det snakka om kor underleg det er at musikk er den kunstarten som ligg sjela nærast. Det er det eg hugsar filmen for,  og då eg i eit intervju med Anita Skorgan spurde kva ho meinte, var svaret: ”Det er sant, fordi det ikkje er noko som talar så direkte til kjenslene. Difor er musikk ei gåve og trøyst til menneskeætta”, la ho til. Ho hadde sunge inn plata Gyllen Grunn i mektige Emanuel Vigelands Mausoleum, og sa det var som å kome heim.

Mange har nyleg høyrt Paul McCartneys maratonkonsert. Den danske avisa Politiken var på konserten i Roskilde, og på kunnskapssida Viden greier hjerneforskaren Peter Vuust ut om musikkens vesen. Forskaren er del av eit større team, og seier at det blir frigjort ein cocktail i hjernen som også råkar oss når vi et god mat eller har sex. Det får hjernen til å boble av glede, vi vert mottakeleg for nye inntrykk, og alt vert lagra til seinare opplevingar.

Som trettenåring høyrde forskaren McCartney syngje “Venus and Mars” første gong. Han seier at ”i dag veit eg på ein prikk når i musikken det vil gå kaldt nedover ryggen og håra reiser seg på kroppen”. Han meiner at under musikkfestivalar burde andre rusmiddel vere overflødige, då musikken opnar eit indre apotek som er del av eit lønesystem. Mange vil spontant seie at slike opplevingar har vi då rett som det er, men kva så?

Hjerneforskarar i Montreal med den canadiske vitskapsmannen Robert Zatorre i spissen, har studert fenomenet i femten år. For meg er det nok å setje på ”It never entered my Mind” med Miles Davis på albumet Workin’, med Red Garland på piano, eller eg høyrer Charles Lloyd spele “The Water is Wide” med Brad Mehldau og Billy Higgins. Ta med Clifford Browns trompetsolo når Sarah Vaughan syng “September Song”, eller høyr Monica Zetterlund syngje “Jag vet en dejlig rosa” med Bill Evans. Betre rus får du ikkje.

R.H.

 

 

Previous post

Mats Gustafsson – musiker, renegat eller villmann?

Next post

Sett jazzen fri

Roald Helgheim

Roald Helgheim