Omar Sharif

Formann: Omar Sharif

Han var ein mann for store filmar, om det var Lawrence of Arabia saman med Peter O’Toole i 1962, eller med Julie Christie i den langdryge filmen Dr Zhiwago i 1965, regi David Lean, etter romanen til Boris Pasternak.

At han også var ein mann for vakre kvinner, står ikkje å nekte, men kven hugsar at han ein gong hadde franske Anouk Aimeé som motspelar i eit psykologisk drama om kjærleik og sjalusi? Det var med filmen En mann og en kvinne i regi av Claude Lelouche, at Aimeé i 1966 skreiv seg inn i filmsoga for godt i samspel med Jean Louis Trintingnant, begge barn av den franske bølgja. Men tre år etter kom filmen som nesten har vorte gløymd. Tittelen på den amerikanske filmen regissert av Sidney Lumet var The Appointment, der mannen spelt av Omar Sharif etter å ha blitt involvert med den tidlegare trulova kvinna til ein kjenning i forretningslivet, får mistanke om at hans nya vakre ektefelle er ei luksusprostituert kvinne. Dei lever ein romantisk sommar saman for seg sjølv, men svartsjuke er berre fornamnet når stygge tankar trengjer seg på.

Anouk Ameé er stadig blant oss, like vakker som ho er gamal, fødd i 1932, same år og månad som Sharif. Han var ein av få arabiske skodespelararar som slo gjennom i Hollywood. I månaden april vart også Julie Christe fødd i 1941. Glitrande britisk skodespelar fødd i India, med i filman “Fahrenheit 451”, stadig på sekstitalet. Ein dystopisk film av Francois Truffaut om eit samfunn der brannbilen ikkje rykker ut for å sløkkje brannar, men for å brenne bøker, mens folk går rundt skogen og memorerer verdslitteraturen for kvarandre, så han ikkje skal bli gløymd.

Det var Omar Sharif det skulle handle om. Fødd i ein rik romersk-katolsk familie i Alexandria byrja han å studere matematikk, då han vart interessert i skodespel. Han arbeidde i farens tømmerverksemd då han fekk spele mot den største kvinnestjerna i Midtausten. Sjølv er eg overtydd om at det var matematikken som inspirerte han, også som skodespelar.

R. H.

Besøkt 38 ganger