Møster på Moldejazz i fjor. Foto: Kjetil Valstadsve
Møster på Moldejazz i fjor. Foto: Kjetil Valstadsve

Must: Møster!

Vi som har overlevd Moldejazz nokre gongar veit at dei tøffaste konsertane ofte er dei som startar ved midnatt. Møster! natt til fredag vert neppe noko unntak.

Har du ikkje høyrt om Møster!? Vel, då har du ein fantastisk sjanse til å verte kjend med denne krem-musikken dersom du befinn deg i Molde denne veka (som du sjølvsagt gjer). Gruppa har namn etter bandsjef Kjetil Møster, saksofonisten i velkjende bandet DATAROCK, som har spelt med ”alle.” Vi kan til dømes nemne Röyksopp, Robyn, Lars Vaular, Maja Ratkje, Bugge Wesseltoft, Chick Corea og Pat Metheny. Lista er like deilig som den er lang.

Forutan Møster og saksofonen består supergruppa av Kenneth Kapstad på trommer (Grand General, Motorpsycho, Monolithic), Nikolai Hængsle Eilertsen på bass (Elephant9, Needlepoint, Bigbang) og Hans Magnus ”Snah” Ryan på gitar (Motorpsycho). I tillegg har dei fått med seg videokunstnar Armin Werx. Snop for både øyrer og auger, der altså.

Plata Inner Earth, den andre i rekka under Møster!-namnet, kom ut i fjor haust og vart teke i mot med opne armar og rikeleg med auger på terningane. Om skiva har Møster sjølv sagt at det er ”åpen jazz med prog i bunnen,” inspirert av både John Coltrane og Jimi Hendrix. Vi kan vente oss nokre psykedeliske jordskjelv og seig, feit, ovheit lava i øyregangane ved midnatt. Med andre ord, dette er ikkje kvelden for å legge seg i kristeleg tid.

Torsdag. Plassen. Midnatt. Night time is the right time.

Besøkt 40 ganger