Sonja i jazzlag

Dette er soga om eit kongeleg bilete frå Molde i 1985 som alle trudde var borte, men som denne veka som ved eit under er funne att.

I 1985 vart festivalen i Molde feira for 25. gong, og som gjest kasta dåverande kronprinsesse Sonja ekstra glans over jubileet. Ho gjennomførde det offisielle oppdraget med stil, og til det høyrde også å gå på jazzklubb. Programmet var stramt, den eine av to dagar var ho først på konserten til den sveitsiske storbandleiaren Mathias Rüegg. Om interessa for jazz veit vi lite, men ho uttrykte at det var viktig at musikkforma fekk utvikle seg fritt. Etter dei offisielle pliktene var det klubbkveld, staden var Alexandra-kjellaren, og på podiet stod Newport Festival All Stars med festival-gründer George Wein som leiar, med namn som Scott Hamilton på saksofon og legenda Slam Stewart på bass. Kjemien mellom bandet og kronprinsessa var god, og ho ville gjerne bli fotografert saman med musikarane. Men var det ein fotograf i huset?

Det var på dette stadiet dykkar formann vart direkte involvert. På grunn av ein stor låvebrann på Elgsås Gård nær flyplassen, var alle fotografar i byen omdirigert til brannstaden. Unntatt ein. Eg var utsend for Klassekampen, då to alvorlege menn frå festivalleiinga nærma seg og lurte på om eg kunne tenkje meg å ta det kongelege biletet. Trass alt kom eg frå ei revolusjonær avis, som det ikkje var opplagt ville ta på seg eit så tvers gjennom borgarleg oppdrag.

Så må dei ha tenkt, eg lo godt og sa sjølvsagt ja, men mitt trufaste Olympus-kamera hadde ikkje blitz, og det minst dårlege lyset var på kjøkenet i Alexandra-kjellaren. Oppstilling, smil, fotografér! Eg veit ikkje kva tankar som for gjennom meg, anna enn at det ville bli ei jævla god historie. Og det vart det, men kva hende med biletet?

Soga utan biletet er fortald i Terje Mosnes si bok om festivalen. Trass iherdig leiting var biletet ikkje å oppdrive. Eg hadde sendt filmen til redaksjonen med ordre om å kopiere og sende bilete til slottet. Eg fekk aldri vite om det vart gjort.

Tretti år etter står eg på festivalplassen denne veka, der står også dåverande festivalleiar Magne Orten, og det bortkomne biletet kjem på tale, då Orten spør:

Har du ikkje biletet?

Nei, seier eg og spør: Veit du om nokon som har det?

Eg har det, seier Orten, og det er som tida står stille. Orten hadde fått det tilsendt, men visste ikkje av kven. Med einerett for Fireflate publiserer vi hermed det historiske bildet som skal hengje i glas og råme. For alt vi veit har det hengt på Skaugum eller Slottet heile tida.

Kronprinsesse Sonja og Newport all stars, George Wein (piano), Scott Hamilton (tenorsaksofon), Norris Turney (altsaksofon), Warren Vache (kornett), Slam Stewart (bass), Oliver Jackson (trommer). Foto: Roald Helgheim, formann.
Kronprinsesse Sonja og Newport All-Stars, George Wein (piano), Scott Hamilton (tenorsaksofon), Norris Turney (altsaksofon), Warren Vache (kornett), Slam Stewart (bass), Oliver Jackson (trommer). Foto: Roald Helgheim, formann.

Besøkt 108 ganger