“En eller annen må ha ført falskt vitnesbyrd mot Josef K, for en morgen ble han arrestert uten å ha gjort noe galt.”

Slik byrjar Franz Kafkas roman Prosessen, romanen som har fått klassikarstatus som skildring av ein tilstand av maktesløyse. Tilstanden fekk namn, “heilt Kafka” eller “kafkask”, seinare brukt om traume av mange slag. Josef K er ein bankfunksjonær som opplever at framande invaderer heimen hans utan varsel, og tek seg til rette utan mine til å forklare kvifor dei er der. Han får aldri vite det.

Denne veka er det inngått ein atomavtale om Iran. I juni fekk vi vite at eit titals forskarar og studentar frå Iran etter oppmoding frå PST har vorte nekta opphaldsløyve i Norge. Mange har alt forlate landet, og ingen har fått vite kva dei er skulda eller mistenkt for, då verken forskarane eller advokatane deira har fått vere til stades i retten. Bakgrunnen er tydelegvis frykt for at dei skal forsyne Iran med sensitiv forsking. To som gjekk til sak for å fullføre utdanninga, tapte i retten.

Mitt ærend er ikkje å skifte sol og vind i saka, men slik arbeider eit system der PST har bukta og alle endane, der samfunnet ikkje får vite noko, og vi er overlatne til å stole på ein institusjon som saman med styresmaktene i heile etterkrigstida nekta for at nordmenn vart overvaka på politisk grunnlag. Til Lundkommisjonen kledde dei nakne, og viste at overvakinga var ulovleg og omfattande. I somme tilfelle øydela det livet for folk. I mappa mi står det mest ingenting, men eg får bekrefta at eg vart telefonavlytta som journalist i Klassekampen.

I skrivande stund høyrer eg Hillary Clinton seie at ho stolar ikkje eit sekund på Iran, men lyt godta den nye avtalen likevel. Men atommakta i Midtausten er ikkje Iran, men Israel. Den einaste atomkrigen nokosinne var det USA som gjekk til, mot Japan i 1945. Dei einaste som har styrta eit lovleg regime i Iran, er sjahen som med hjelp frå CIA/USA og England avsette statsminister Mossadeq i 1953. Den iranske fredsprisvinnaren Shirin Ebadi seier at det var avgjerande for den ulukkelege utviklinga sidan.

I Noreg og Nato er det denne pipa vi framleis dansar etter. Vi gav Bjørnsonprisen til Edward Snowden, varslaren. Han kan ikkje ta sjansen på å reise til Nato-landet Noreg for å motta prisen. Dette er Kafka i dag. Prosessen som råkar studentar frå Iran. Romanen kom i 1925, post mortem då Kafka var død. Mi norske utgåve er frå 1962, pris kroner 6,50 i Lanterne-serien. Eg las boka på nattoget heim til jul. Verda har ikkje vorte mindre Kafka sidan då.

R.H.

Previous post

Fem på Jazzen: Fredag

Next post

Frispark: Eksklusivt intervju med Værguden for Molde

Roald Helgheim

Roald Helgheim