Dr. Kay And His Interstellar Tone Scientists (Foto: Ukjent)

Byr opp til intergalaktisk jazz-party!

Dr. Kay and his Interstellar Tone Scientists kjem frå eit godt gøymt hjørne av verdsrommet. Det kan kven som helst sjå, og høyre. Denne fargerike gjengen er i slekt med Sun Ra og hans Arkestra, og har kome til jorda for hjelpe til med å spre bodskapen om at dans, musikk og ubegrensa med fantasi er det livet handlar om.

Moldejazz er så heldige å få runde av årets festival med Dr. Kay og hans stjerneorkester sitt inkluderande nærver. Med andre ord, DU har sjansen til få oppleve noko som vil utvide medvitet, og kanskje, endre livet ditt.

Det er berre å møte opp på Plassen, ved midnatt. Hjartans velkomen alle saman, til forrykande jazz-party av kosmiske dimensjonar.

Besøkt 34 ganger