Roald Helgheim.

Vegen å gå

“Velt all din veg og vande, og all din hjarteverk”. Slik byrjar den nynorske omsetjinga til Anders Hovden av ein salme den tyske presten og salmediktaren Paul Gerhardt skreiv i 1653, til ein melodi av Hans Leo Hassler.

“Mein G’müt ist mir verwirret” var den tyske tittelen på songen som Magnus Brostrup Landstad først omsette til norsk i 1861 til “Velt alle dine veie”. Før Hovden i 1923 omsette han til den nynorsken som høver songen best. For nokre dagar sidan ville lagnaden at notane til songane nesten dala ned i fanget mitt, på turen frå Jølster til jazzfestivalen i Molde.

Turen via bussbyte og ferjer gjennom Nordfjord og Sunnmøre til landing i Molde etter sju timars reise, kan vere ein trasig tur. Hadde det ikkje vore for at ei ung jente som fortalde at ho skal syngje i koret Skruk på denne festivalen, sette seg på plassen ved sida av meg, og byrja å syngje etter notar salmar eg lærde i skulen. Mellom dei “Velt all din veg og vande”, og eg nynna med. Turen var berga, songfuglen sa ho skulle bli lærar, og eg spurde om ho kunne versjonen til Paul Simon. Ho elska Paul Simon, og sette store auge. Vi snakkar om “American Tune”, der melodien med ørsmå variasjonar er den same, og syndevedkjenninga opnar med “Many’s the time I’ve been mistaken”. Torun Eriksen syng han på det vakre albumet “Visits”, og ho kvitra med i telefonen. Songfuglen i bussen søkte på nett, og tykte songen var så vakker at ho ville gøyme han i sitt hjarte.

Denne jazzfestivalen i Molde opna medan verda er i sjokk av larmen frå dødeleg terror og eit blodig statskupp-forsøk, og meir uro trugar under himmelen. I august 1991 var eg med på å lage festivalavis for filmfestvalen i Haugesund, då Gorbatsjov vart offer for eit kupp. Kuppforsøket på ei knapp veke førde til ei festivalavis av uvanleg merke, med bilete frå fjernsynsskjermen, og intervju med folk med austeuropeisk bakgrunn på festivalen. Ikkje alle tykte om det, men ingen kjem unna politikken, syng Marie Bergman. Det gjeld å ta vare på kvarandre. Ha ein fredfull festival.

R.H.

Besøkt 184 ganger