Ola Kvernberg - Steamdome. Foto: Ruben Olsen Lærk
Ola Kvernberg - Steamdome. Foto: Ruben Olsen Lærk

Drumble in the jungle

– Det ække prog, det er dritbra! var ein av kommentarane som runga i redaksjonen i dag tidleg, og det handla sjølvsagt om nattas dampande happening i Teatret Vårt: Steamdome. Eit perkussivt progressivt verk som vart framførd første gong på Trondheim Jazzfestival i mai.

Artist in Residence (AiR) Ola Kvernberg slo til, og tok med seg ikkje ein eller to, men tre trommisar på sin andre konsert denne veka: Børge Fjordheim, Hans Hulbækmo, og Erik Nylander. Nikolai Hængsle Eilertsen (bass), Øyvind Blomstrøm (gitar), og Daniel Buner Formo (orgel) utgjorde resten av gruppa. Eit stjernelag, der altså. Og omkransa av struttande kastansjetre og eit par mindre juletre (?) tøffa lokomotivet inn på scena nærare halv ett i natt, og tok oss med på ein tur inn i den progressive jungelen.

Steamdome er eit verk som dreg inn mykje inspirasjon frå mange forskjellige genrer i populærmusikken, som stort sett har det til felles at dei spelar veldig lange songar. Over dette prøvar dei å byggje ein større struktur – eit verk – som er godt forankra i moderne norsk samtidsjazz- og klang. Eg veit ikkje heilt om dei lukkast med å tilføre så veldig mykje til de opprinnelege inspirasjonane, men det er fole kjekt medan det pågår, og musikarane kosar seg heilt klart med det dei driv med på scena. Publikum responderer óg engasjert på det heile, og tysdagen er i hamn, eit par timar inn i onsdagen.

Forøvrig meiner eg at ”prog” og ”dritbra” går godt saman.

Besøkt 33 ganger