Foto: Ole B. Steinsvik
Foto: Ole B. Steinsvik

Antropocen

For nokre år sidan utvikla mennesket og naturen seg i symbiose, som ein del av ei naturleg hendlingsrekke.

Ser du berre eit lite stykke attende i tid, kan ein framleis skimte ekte menneske vandrande hand i hand med naturen. Ingen såg føre seg at ein dag skulle verda bli delt i to, at evolusjonens tempo eskalerte i takt med menneska si unaturlege utvikling, slik at mennesket lever meir og meir fråskilt opphavet, som er naturen.

Det er tankar henta frå eit nytt proklama som kallar det geologiske tidsavsnittet vi no er inne i, antropocen, som avløyser det holocene stadiet. Det handlar sjølvsagt om miljøet, der tenkjarane bak meiner vi har utvikla ein dårleg personlegdomstype. Menneske som ikkje spør seg sjølv om råd, men som alltid er på vakt og lurer på kva andre folk tenkjer om han. Dei kan ikkje lenger finne seg sjølv, men hamnar i ein dragkamp med seg sjølv, og i jakta på svar har nokon til og med prøvd å puste liv i den avlagde postmodernismen her i landet.

Akkurat det vert ikkje teke opp i det nye manifestet, glimrande presentert av gruppa SKRAP, men det er teikn i tida då det einaste som gjeld er å teie når det trengst. Slagordet som få kjenner til, men som i ein mannsalder har sett nye namn på utviklinga og gitt mennesket eit nytt håp.

Namnet på tenkjemåten som er like ny som han er gamal, heiter Tidens Fylde, som med mottoet “tier når det trengs” har gjeve menneske tid til å tenkje seg om. Han oppstod lenge før den digitale revolusjonen vart misbrukt til å sabotere all samtale, og eg hugsar Lars Saabye Christensens malande skildring av den mobilen i si enklaste form som folk heldt inn til øyro, og det eg såg var som om folk hadde kvar sin teddybjørn å snakke med. “Snakker de med hverandre? Det ville være for godt til å vere sant”.

No er det som kjent verre. Folk sit og ser på at dei ikkje lenger snakkar til kvarandre, men held dei på digital avstand. Det minner meg stadig om filmen “Fahrenheit 451” laga av Francois Truffaut, og som er den tempereturen papir brenn med. I ein film der bilar køyrer rundt for å hente bøker til bokbrenning. Julie Christie og Oscar Werner i kvar si rolle, og folk vandrar rundt i skogen for å memorere klassikarane i verdslitteraturen for kvarandre.

Slik vil vi ikkje ha det.

R.H.

Besøkt 34 ganger