Dagen

Kvar var du den 11. september 1973? Eg hugsar det ikkje, men kuppet i Chile vart bomba ut av minnet 11. september i 2001, og medskuldige i Chile-kuppet som Henry Kissinger lever enno.

I 2001 var deadline i vekeavisa mi på timen samtidig med at vi såg fjernsynsbileta av det første flyet i den eine skyskraparen. Den mest bisarre reaksjonen berre nokre få timar etterpå, var ein journalist som ringde forfattaren og feministen Susan Faludi med spørsmålet: “Vel, med dette er vel feminismen fjerna frå kartet?”

Faludi som var i sjokk, skriv om dette i boka “The Terror Dream” som kom ut i 2007 og er den beste boka om 11.9. Ho fortel at journalisten sa det i ein nesten lystig tone, og nestemann som ringde frå New York Times arbeidde med ein serie kalla “The Manly Man”, om det dei kalla “trenden med kvinner som vart meir feminine etter 11.9.”, no i trygge hender hos det hårete mannekjønnet.

Det er 22.7., og eg hugsar vel kvar eg var den dagen for fem år sidan. Her på Moldefestivalen då dei første bileta av det råka regjeringsbygget dukka opp, og det var konsert med Dave Holland, og eg hadde nett sendt siste festival-artikkel til avisa. Ho har kontor i Grubbegata i Oslo, der redaksjonen måtte rømme hals over hovud, og den siste reportasjen kom aldri på trykk.

Festivalen fekk ein verdig slutt, då den daglege paraden var ein sørgjemarsj, og eg hugsar turen heim til Jølster gjennom den vakre Våtedalen, der det er geitene som rår og bilane som må vike på ein veg der trafikken såleis styrer seg sjølv. Fem år etter les eg på same dato at anonyme næringslivsfolk i finans, shipping, olje- og fiskindustrien har kjøpt 1000 Hege Storhaug-bøker i gåve til norsk bibliotek!

Dei første reaksjonane på gata etter bombene var folk som gjekk til åtak på menneske av utanlandsk utsjånad. Til vi fekk vite at drapsmannen er ein av oss. Han treng inga Storhaug-bok.

R.H.

Besøkt 30 ganger