Foto: Andreas Jørgensen

To til ein tango

Min første moldefestival var i 1979. Den største opplevinga var då Miles Davis i 1984 landa ved midnatt, og Klassekampens oppslag etterpå var frå skapingssoga:

“Og det vart morgon femte dag”. Illustrert med mine eigne bilete, tatt krypande under scenekanten, seinare stilt ut i eit eller anna jazzforum. Fysisk var mitt første og einaste møte med han i garderoba i kjellaren i Idrettens Hus, då han etter konserten handhelsa og sa: “How are you man?” Og eg mista munn og mæle. Jazzhistorisk kjem det ikkje opp mot John Coltranes einaste konsert i Norge som eg var på i 1963, i Njårdhallen i Oslo. Det er ein konsert det ikkje finst opptak av, men som fekk eit gudsord frå landet til å forstå at heretter ville ingenting bli som før.

Om morgonen den femte dagen møtte vi ein Nils Petter Molvær ruslande rundt i gatene i ei anna verd. I dag er natta mest full av støy, men kva var den største opplevinga? Utan samanlikning konserten med Joshua Redman og Ola Kvernberg, som på fele og saksofon viste ein musikalsk samforstand som var makelaus, med felemakaren i storform med sine vegleiande kommentarar.

Molde Jazzfestival kallar seg Europas viktigaste jazzfestival. Kongsberg Jazzfestival har teke mål av seg å vere størst. Ikkje skal eg skifte mellom sol og vind, men Molde har fått ein hang til å introdusere konsert etter konsert og prosjekt som det ypperste under himmelen, og noko som berre Molde kunne få til. Men musikarar frå inn og utland møtest under ulike konstellasjonar, i regi av ulike arrangørar. Mykje godt har kome ut av det, men det ypperste i Molde oppstod under konserten med Kvernberg og Redman. Det trengst berre to til ein tango.

R.H.

 

 

Besøkt 52 ganger