{"id":5916,"date":"2015-07-17T22:26:33","date_gmt":"2015-07-17T20:26:33","guid":{"rendered":"http:\/\/fireflate.no\/?p=5916"},"modified":"2015-07-18T12:24:42","modified_gmt":"2015-07-18T10:24:42","slug":"och-vinnaren-ar","status":"publish","type":"post","link":"http:\/\/fireflate.test\/2015\/07\/17\/och-vinnaren-ar\/","title":{"rendered":"Och vinnaren \u00e4r …"},"content":{"rendered":"
Det var glissent med publikum i graset p\u00e5 Romsdalsmuseet, men knappe 10 min etter at Veronica Maggio<\/em>\u00a0regelrett spratt inn p\u00e5 scena med bandet sitt var det ikkje lenger noko \u00e5 tenkje seg redd p\u00e5. Ho vann publikum umiddelbart, og hadde oss i sin favn heile konserten igjennom.<\/p>\n Svensk-italienske Maggio har ein imponerande katalog av uvanleg gode pop-schl\u00e4gers sj\u00f8lv om ho berre har gitt ut fire album, og ho leverte song p\u00e5 song med inderleg innleving og overskot. V\u00e4lkommen inn,<\/em> Dallas, M\u00e5ndagsbarn, Sju sorger, L\u00e5tsas som det regnar, Finns det en s\u00e5 finns det flera<\/em>. Ja, det finst fleire. Heile settet var ein oppvisning i steingod, reinspikka pop, utan eit einaste d\u00f8dpunkt.\u00a0Sj\u00f8lv p\u00e5stod ho at ho nettopp hadde vakna og var litt tr\u00f8tt, men det merka vi ingenting til. Ho baud p\u00e5 seg sj\u00f8lv fr\u00e5 start til slutt.<\/p>\n Noko av styrken i l\u00e5tane hennar er dei gode historiene som ho formidlar s\u00e5 oppriktig som om dei skjedde i g\u00e5r, p\u00e5 sin heilt s\u00e6reigne m\u00e5te. \u2013\u00a0Folk seier at eg berre syng om to ting: Fest, og hjartesorg. Men det, kj\u00e6re Veronica, er jo sj\u00f8lve livet! B\u00e5de ditt og v\u00e5rt. Ein skal ikkje kimse av klisj\u00e9ar, for dei er det mykje sant i. Kombinasjonen av triste tekstar og up-tempo melodiar er alltid ein vinnar. Berre sj\u00e5 til hennar landssyster Robyn.<\/p>\n St\u00e5pelsen heldt seg\u00a0p\u00e5 denne glade amat\u00f8rjournalisten gjennom heile Satan i gatan. Eg kjende meg som ein ten\u00e5ring att, der eg stod heilt framme med alle som faktisk var under 18, og Maggio losa oss leikent gjennom 17 \u00e5r<\/em>. Og s\u00e5, skjedde det noko, for meg, heilt fantastisk. Vakre Veronica Maggio haldt augekontakten med meg under s\u00e5 og seie heile andre refreng av Jag kommer<\/em>! Det var sikkert fordi eg song det beste eg kunne, slik som resten. (Alts\u00e5, kven kan ikkje<\/em>\u00a0det refrenget?) Men OMG. Starstruck! Det kjem eg aldri til \u00e5 gl\u00f8yme.<\/p>\n Vi fekk to ekstranummer, som Maggio med glede ville gje oss. F\u00f8rst den usigeleg vakre og triste\u00a0Sn\u00e4lla<\/em>\u00a0bli min<\/em>, som merkeleg nok ikkje vart besudla av den spontane allsongen som braut ut, men tvert i mot vart ei forsterka oppleving og fekk underteikna til \u00e5 felle ei t\u00e5re eller tre, dei to korte minutta songen varer. S\u00e5 smalt ho endeleg til med Sergels torg<\/em>, hiten fr\u00e5 den siste plata Handen i fickan, fast jag bryr mig,\u00a0<\/em>og suksessen var eit faktum. Publikum kauka p\u00e5 meir, og Veronica ville veldig gjerne leike med oss ein time til, men skjema er skjema.<\/p>\n Sol, svensk super-pop og lukkeleg uvisse\u00a0om at neste artist har avlyst er absolutt ei vinnaroppskrift. Heldigvis kom b\u00e5de du og vi, Veronica.<\/p>\n Det er ingen bilder i dette galleriet.<\/strong><\/p><\/div><\/div>