Kjatte

Då mobiltelefonen enno var på steinalderstadiet, skreiv Lars Saabye Christensen diktet «(mayday)» der det stod at «så mange menn med mobiltelefon har jeg aldri sett/ de står jo nesten på hvert hjørne nå». Det såg ut som om dei heldt ein teddybjørn kvar inntil kinnet, skreiv han, som trudde han forstod alt dei sa:

men jeg må jo gå ut fra
at de snakker med noen
noen ganger lurer jeg på
om de ringer til hverandre
det tviler jeg på
det er nesten for vakkert
til å vere sant

Diktet står i samlinga Den akustiske skyggen, og eg tenkte på det ein dag dei fleste rundt meg på offentleg stad ikkje snakka, dei berre tasta. Framleis er det folk som utan omsyn snakkar i «phonen» med høg røyst, men «the chattering classes» er ikkje lenger det dei var. Dei skravlar ikkje, dei held kjeft, og kjattar berre heilt lydlaust.

Difor er det mitt nyord for stoda, i eit samfunn der det no til dømes står strid om kor vidt laptoppane til elevane skal slåast av i timen.

Sjølvsagt skal dei vel det! Frå universitetsførelesingar vert det fortalt om studentar med PC og anna utstyr som ikkje tek notat, men tek bilete av førelesarens overhead-tekst, og elles syslar med noko anna, som å file neglene. Det neste må logisk nok bli førelesing utan lyd. Av format er dette likevel ingenting mot det utrulege systemet for kontroll og målstyring på ein Sandefjordskule, der læraren får elleve timar til å evaluere elevane etter sytti ulike mål, med fire alternativ. Vi er på den same planeten, der alle tvitrar men ingen kan kvitre, det snakkelause samfunnet der alle berre kjattar på asosiale møtestader.

Framsideoppslaget i Time Magazine for nokre veker sidan var The Mindful Revolution: «Vitskapen om å finne fokus i ein overstressa multitaskekultur.» Det er der vi er no. Det er berre ein teddybjørn som manglar.

R.H.

Besøkt 180 ganger