Ylvis. Foto: Erik Birkeland.
Ylvis. Foto: Erik Birkeland.

Er’e jazz? Skal festivalen skifte navn?

Arild Rønsen er i fireflate.no lei av «men er’e jazz?»-debatten, men «legger ikke skjul på at spørsmålet stilles på sin spiss i år». Han grunngjev det med manglande oppmøte frå internasjonal jazzelite.

Han har rett i det. Det er ikkje mange representantar frå afroamerikansk jazz her – ikkje mange frå jazzens opprinnelege miljø – Molde er nesten heilt «neger»-fri. Og det er jo trist.

Og ille i Molde er marknadsføringa. Ylvis og andre popstjerner toppar plakatane. Hjå oss ute ved havet trur ungdommen at Ylvis, Sivert Høyem, Thomas Dybdahl og Jarle Bernhoft er store jazzstjerner. Dei marknadsførast i ein «jazzfestival». Og når dei tek ein tur inn i Moldes sentrale stråk, ikring Alexandraparken, høyrer dei larmande rock’n’roll – basstrommene sender sjokkbylgjer inn i øyre og hjarte. Dei spør ikkje om «er’e jazz» – dei trur det er jazz. Vi spør heller ikkje om «er’e jazz» – vi veit at det ikkje er det.

Det er slike signal Molde jazzfestival sender ut. Det same i Kongsberg; der var det i år ein tredel av musikken som ikkje var jazz. Kanskje dei for forvirringa si skuld skal skifte navn?

Besøkt 38 ganger