I Gaza bur det 1,7 millionar menneske, dei fleste flyktningar etter etterkomarar av flyktningar frå ein arabisk-israelsk krig i 1948.

Reknar vi bort isbreane og ferskvatna i kommunen eg kjem frå, Jølster, skulle det med like stor tettleik som Gaza bu over 2 millionar menneske eller nesten halve Norge der, og ein stor del av dei måtte klore seg fast i brattlendt terreng, og kva skulle dei leve av? Mange arbeider i grannekommunen i Førde, og kva skulle dei leve av? I dag får gazabuarane ikkje fiske langs sin eigen kyst. I Jølstravatnet er det lov.

Eg har skrive dette før, og leitar etter kommafeil. Når eg tenkjer på ein kilometer, tenkjer eg på akkurat den strekninga eg sprang der eg kjem frå. Når eg les at Gaza er fire mil lang, er det like langt som til gymnaset eg gjekk på etter folkeskulen. Og i min fantasi prøver eg å førestelle meg den vesle, men robuste kommunen Jølster invadert av ein bakkestykke av ein storleik rundt femti tusen væpna soldatar frå storkommunen Førde.

Ei sak for storkommune-fantastane å tenkje på? Det er ikkje det første som slår meg. Snarare eit innett sinne mot den nedslaktinga av eit i praksis forsvarslaust lite folk som går føre seg, mens verda ikkje makteslaust men motlaust ser på. Frps lause kanon Tybring-Gjedde på dekk seier han vil få styresmaktene til å terrorliste Hamas. Mens Israel utøver statleg terrorisme av ein heilt annan kaliber. Israels frå før økonomiske og sosiale strupetak mot dette statlege fengselet er kjent.

Likevel er det alltid palestinarane som blir bedt om kysse okkuppantens sko med stendige forsikringar om å avstå frå vald og respektere avtalar. Når respekterte Israel sist ein avtale? Når har Israel sagt at dei vil respektere Palestina som stat?

Med dette oppsummerer eg dagens politiske propaganda med eit sitat frå den israelskfødde Palestina-aktivisten og saksofonisten Gilad Atzmon, som eg intervju då han spelte i Molde i 2012.

– For meg er jazz ei form for motstand.

Besøkt 4 ganger
Previous post

Flatelangs torsdag

Next post

Dagens CF: torsdag

Roald Helgheim

Roald Helgheim