– Det handlar om å kunne vere eit menneske, også utan musikken.

Eg møter Gunnar Halle utanfor Storyville etter første framsyning av Driving Miles. Trompetisten har akkurat møtt den legendariske sjåføren som fekk køyre rundt på Miles Davis, Svein Åge Johansen, backstage. Møtet med denne vitale mannen har allereie satt spor, og det å sjølv skulle verte intervjua vert vanskeleg når historiene vil ingen ende ta.

Gunnar Halle har hatt kort tid på seg til å verte kjend med rolla si Driving Miles, ei rolle som ifølgje han sjølv krev mykje, ikkje berre som musikar, men også det å vere på plass og drive framsyninga med alle dei «cua» som ei teaterframsyning inneheld.

– Eg må vere i manus heile tida. Sjølv om jazz kanskje er improvisatorisk, krev teater ein streng regi for å få flyt. Per Egil Aske er utruleg profesjonell, og har stålkontroll. Då må vi som musikarar ha den same intensiteten. Eg har i perioden før festivalen fått oppleve ein skodespelar som på øvingane gir like mykje til eit fiktivt publikum som om det skulle vore ein full sal framføre oss. Dette er nytt for meg. Eg er nok mest vant med at øvingane kanskje er litt sånn «det vert nok bra på konserten», medan her var det like bra frå første stund.

Som ung gut fekk Gunnar Halle sitt første møte med jazz ved ei tilfeldigheit ved at foreldra lånte eit feriehus der dei hadde ein platespelar. Der var nok ikkje utvalet av musikk så stort, så det som vart spelt var musikken til Louis Armstrong. Spesielt den frå 20- og 30-talet.

– Det var nok kanskje ikkje slik at eg vart hekta allereie då, men det skapte ei spire i meg. Trompeten fekk ein plass i hjartet mitt og det var dette instrumentet eg skulle spele. Ettersom åra gjekk, gjennom korps og skule, fall kanskje ein del av dette bort, men som gryande ungdom oppdaga eg igjen improvisasjonsmusikken. Miles Davis var ein av dei eg lytta mykje til. Eg vart inspirert av tonen hans, den mjuke kontrollerte artikulasjonen og presisjonen. Den var full av nyansar som gav meg, og sikkert mange med meg, noko å strekke seg etter.

– Eg var for ung til å få oppleve han her i Molde, men som eit ikon har han vore viktig for meg. Ikkje minst i måten han utfordra seg sjølv og publikum ved å ikkje verte verande på ein stad, men heile tida utvikle seg. Ikkje mange kan seiast å vere så trendsettande som nettopp Miles. Når ein set seg ned og verkeleg lyttar til han, så har han ei retning. Det er val av tonalitet som for mange kanskje kan høyrest komplisert ut, men som ikkje nødvendigvis er det. Han speler dur der kompet speler i moll. Denne polytonaliteten gjer at det høyrest særare ut enn det kanskje er.

Ein anna musikar som også har vore ein inspirasjon for Gunnar er Nils Petter Molvær.
– Han har litt av det same som Miles. Ein distinkt og tydeleg tone som er ein kan kjenne att, som samstundes har overskot nok til å imponere. Den originale Molvær har ein klang som er vanskeleg å ikkje kjenne att.

Gunnar Halle har i år for første gong gitt ut musikk med eige band. Nokon vil kanskje seie at det var på tide?
– Eg har laga musikk i mange år, og tenkt på å få gitt ut noko av det, men det er eit stort ansvar å gje ut sin eigen musikk. Plata «Istanbul sky»( Ozella Music 2015) er eit produkt av mykje arbeid, men samstundes ein morosam prosess. Det fine er at det ikkje er noko problem å få med seg musikarar. Dei eg har med på plata er alle folk eg kjenner godt. Dette er ein tryggleik, då ei slik plate vert ein slags baby for meg. Det er også fint å ha med seg slike musikarar på vegen, sjølv om eg trur at eg kunne valt mange andre som også ville kunne gjort ein god jobb. Det er jo slik at i Noreg, så kjenner alle alle, og ein vert ein stor gjeng som ofte møtast i forskjellige anledningar. Norsk musikk, og kanskje norsk jazz har også ein sterk posisjon i utlandet. Der må eg skryte av den jobben som har vorte gjort og gjerast av både plateselskap og management, som i mange år har vore gode til å promotere den høge kvaliteten norsk jazz har å by på.

Gunnar meiner at det å vere open for «det nye» i musikken gjer at han som musikar ikkje vert verande på ein stad.
– Eg har bestandig vore lyttande. Ikkje berre til ein stil eller sjanger, men til mykje forskjellig. Eg let meg rive med av kvalitet, noko eg meiner det er mykje av i Noreg. Indie og elektronika i Noreg har eit høgt nivå. Det finst mange unge dyktige musikarar som no er i ferd med å finne ein marknad for musikken sin. Det er jo slik at musikken ofte seier noko til deg som er større enn deg sjølv. Den berre er der. Samstundes så handlar det ikkje berre om å like. Ein god kommunikasjon oppstår ved å vere ærleg. I dag er eg Miles Davis, men gjennom tonane finn du meg.

Driving Miles har to framsyningar i dag kl. 13.00 og 16.00, på Storyville (Plassen)

 

Besøkt 11 ganger
Previous post

Tigran den tidløse

Next post

Bilder fra Alexandraparken mandag kveld

Jan Inge Tangen

Jan Inge Tangen