Retten til å ta liv

Kven bestemmer kven som styrer verda i dag? Spørsmålet eg hugsar frå ei revolusjonær fortid, dukkar oppstadig oftare.

For kvar ny krig og for og kvar gong dei som bestemmer tek seg dei rettar dei vil, gjer dei det utan å bli stilt til ansvar. Eit aktuelt døme er Irak, der Jon Chilcot og hans granskarar har kledd den britiske eks-statsminister Tony Blair naken, etter ein krig Blair var med på å starte på falskt grunnlag.

Vi hugsar alle glansnummeret, då Blair hevda at Saddam Hussein hadde dødelege våpen nok til på 45 minutts varsel å slette Europa frå kartet. Ein krig starta på falskt grunnlag har i staden kosta hundretusenvis av irakiske menneskeliv, mens ein liksom-angrande Blair etter Chilcot-domen presterte å seie at “eg beklagar alle feila, men det var rett å gå til krig”!

Slik var sitsen då denne festivalen starta, og eg som formann var klar til å setje det inni  sin rette samanheng. Ikkje berre i krig og fred, men når det gjeld grunnspørsmåla i det heile, kvar gong dei måtte flakse forbi. A propos Tolstoys hovudverk, opplyser magasinet Time med britisk sans for stil at Chilcot-rapporten med sine 2,6 millionar ord er fire gonger så lang som “Krig og fred”. Romanen som fekk si beste filmatisering med den blendande Audrey Hepburn i hovudrolla ved sida av Mel Ferrer.

Det høyrer med at Chilcot-granskinga som var medrekna å ta eitt år, i staden tok sju, til stor harme frå pårørande. Men kva er svaret på grunnspørsmålet? Verda er stadig delt mellom dei som tar seg retten til å starte krig, og dei som ikkje kan det. Kva rett hadde USA til dømes til å gå til krig mot Vietnam?

Libya-krigen og rapporten om Afghanistan-fadesen Nato-Noreg har vore med på, stiller det stadig skarpt. Norge må stille seg på fredens side, mot alle “med rett til å drepe”, slik stormaktene ser det. Dette skriv eg utan å ha fått sjansen til å forsvare fedrelandet i det heile. Oppmøte var på Madlamoen utanfor Stavanger, der eg vart kjent stridsudyktig og dimittert på dagen. Ikkje berre det. På grått papir vart eg kjend “sf-udyktig”, udyktig til sivilforsvar! Vernepliktboka vart gjennomhola, eg kunne feire frisleppet på næraste skipperkafe.

Sidan då er det dei kvinnelege forsvarsministrane som har vore dei mest militante, ivrande mest for at Nato-Stoltenberg skal kunne binde nasjonen endå sterkare til masta.

Då eg gjekk ut Madla-porten som fri mann, hadde dei første rekruttane alt fått matrosdressen på. Skrekk og gru tenkte eg ved synet, men seinare i livet fekk eg Mappa. Provet på at eg i det minste hadde vore rekna som ein trussel mot det beståande samfunnet. Det har vore til å leve med.
R.H.

 

Besøkt 22 ganger

One comment

  1. En av de bedre, men samtidig mest kryptiske jazzsaker jeg har lest på lang tid.
    Men er for feig til å spørre om relevansen til den pågående jazzfestivalen.

Comments are closed.