Livet

Jazz er ein måte å leve på. Har du høyrt han før? Opphavet for for meg var trommeslagaren Kenny Clarke (1914-84) som eg møtte i 1980, då han spelte på den legendariske klubben Hot House i Oslo.

Og eg gjorde mitt livs første og største intervju med ein amerikansk jazzmusikar, i si tid trommeslagar i Modern Jazz Quartet. Det var han ikkje lenger, då han som mange amerikanske jazzmusikarar hadde emigrert til Europa, in casu Paris, der han spela i eit storband. Som ung musikar hadde han vore i Norge i 1937 før krigen. Saman med andre musikarar rykka han i 1940 inn i «Minton’s Playhouse» i 52. gate, bebopens jazzgate i New York.

Trommeslager Kenny Clarke.

Det var gylne tider, og han starta eit band saman med Thelonious Monk. Han kunne velje og vrake mellom musikarar og spela ein periode med Charlie Parker. Det var på denne tida dei byrja å spele i både i tre fjerdedels og fem fjerdedels takt, cool-jazzen var på veg inn. Og Kenny Clarke vart muslim. Kvifor?

«Det vart umogleg for ein svart å kalle seg kristen. Vi vart vist bort frå den kvite mannen si kyrkje. Vi hadde behov for ein identitet, noko å tru på som vi kjende som vårt», sa Clarke, som ikkje hadde tal på kor mange han hadde spelt med.  Kenny Clarke var ein banebrytar. Samstundes var han full av skepsis både til det han kalla sternedyrking og til dei som hadde «turned electronic», og til modernistane Cecil Taylor og Ornette Coleman. For ikkje å snakke om når namn som Chick Corea og Herbie kom på tale:

«Det blir berre verre og verre. Kva slags musikk er det når det trengst to billass med utstyr for å få han til. Elektronikken kan ikkje erstatte seg sjølv. It’s not real music, man. Tenk om du skulle elektrifisere eit heilt symfoniorkester. Musikken blir like kald som disco.»

Kenny Clarke var ein pioner for si tid. «Det viktigaste er å  få musikken til å låte betre!», sa han.  Når eg skriv dette, er norsk jazz i sin største glansperiode nokosinne. Når musikkhøgskulen tidlegare i år arrangerte eksamensfestival, var det konsertar tretten kveldar på rad, med nye band av unge musikarar, som spelte over heile spekteret. Og Kenny Clarke? Han har framleis rett. Jazz er ein måte å leve på, sa han.

R.H.

Besøkt 60 ganger