Formann: Gramo

Det byrja med sveivegrammofonen som ein kjøpmann i slekta hadde med til hytta, og Jens Book Jensen var først blant tidas slagersongarar saman med Åse Wentzel med fleire, og refrenget? «Bare dra, bare dra, helt til Kina eller kanskje Afrika»!

Til ekvipasjen høyrde også eit brett til å spele KURONG på, på hagebordet, den uskuldige forgjengaren til biljard. Så kom dei små kombiradioane med plass til ein ep på spelaren, og verdas dårlegaste lyd.

Etterpå har all lyd fått eigen plass i cyberspace og kan lyttast til av alle, og mitt ærend er ikkje å skru tida bakover. Enno var eg treig i sessen då «Coltrane Jazz» på vinyl kom inn i livet, og ting byrja å skje. Det store musikkanlegget til Yamaha vart rigga på plass, med CD- og platespelar attåt KASSETTSPELAR. Eit sårbart anlegg skulle det vise seg vere då CD-spelaren ikkje ville meir. Å reparere berre CD-spelaren til bruk i eit gamalt anlegg tyktest fåfengt. Musikk skal lyttast til i ope rom og full styrke, slik alle grannane alltid har gjort med opne vindauge. Men kva med kassettspelaren?

Kassettsamlinga var tunn, men kva låg på toppen? Miles Davis’ «Sketches of Spain», på kassett. Kjøpt på ein bensinstasjon i skikkeleg kassett-pakke. Det var min andre jazz-CD, den første var «The Bridge» med Jim Hall og Sonny Rollins, som eg fekk som bursdagspresang i sogas største kassettspelar.

For interesserte kan eg først fortelje at ei firesifra CD-samling i år gjekk til ein bruktkjøpar for eit einsifra tal pr. stykk. Det var då eg gjenoppdaga ei enno stor vinylsamling heime. Blikket fall på platespelaren. Og det var med andakt eg sette på Herbie Hancocks klassikar «Maiden Voyage». For ein lyd! Så sette eg på Keith Jarretts «Standards Live», den første og beste i ein serie live-innspelingar, og venare musikk vert ikkje spelt no til dags.

Vinylsamlinga er no freda. Dette handlar ikkje om den store digitaliseringa, men om ein musikkskatt som vil leve i all tid. Den musikken vi feirar no.

Besøkt 70 ganger