“En smule dramatikk kom til å prege åpningen av festivalen. Jubileet (den 20. festivalen) kalte på en statsminister, men regjeringens ferieavvikling gjorde at justisminister Andreas Cappelen fungerte som regjeringssjef i perioden rundt 4. august. Cappelen var på dette tidspunktet mektig upopulær i vide kretser for sin bastante holdning til demonstrantene mot Alta-utbyggingen, og utenfor Molde kino ble han møtt av demonstranter og transparenten “La elva leve, legg Cappelen i rør” da han ankom for å foreta den høytidelige åpningen. Ministeren tok oppstyret med sinnsro og et visst glimt i øyet, og åpnet festivalen som seg hør og bør. “

Referatet er frå Moldefestivalens eiga nettside, men det som ikkje står der, er at fleire som var til stades, på oppmoding gjekk frå opninga (som var innandørs) då ministeren gjekk på talarstolen. Politiske manifesteringar har aldri prega den uskuldsreine festivalen i Rosenes By, men då dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik i 2003 inviterte den israelske forsvarsministeren Ariel Sharon  til Molde midt under jazzfestivalen, rann det over for fleire. Rundt mannen som opna leirane Shabra og Shatila for massakrar, var det ein jernring, men på Rådhusplassen vart det demonstrert. Som landbruksminister under Menachem Begin hadde Sharon før 1980 teke initiativet til israelske busetjingar både i Gaza og på Vestbreidda.

Det er der vi er no, då eit framleis uoppklara forkasteleg drap på tre israelske ungdomar utløyste ein hemnaksjon utan sidestykke mot eit heilt folk. Israel som kallar seg den einaste rettsstaten i området gjer det til internasjonal rett å gå til hemnaksjonar, og til å utvide okkupasjonen av Palestina med nye busetjingar. Sist då dei 2.juni som svar på danninga av ei palestinsk samlingsregjering! opna for 3000 nye busetjingar. Når det no vert snakka kritisk om “proporsjonar” om  israelske drap på snart 200 palestinarar, kva slags “proporsjonar” kan ein snakke om, mellom ein okkupant og dei okkuperte?

“Dei døyr i Gaza no”, syng Lars Klestrand på Espen Ruds sterke nye jazzplate “Ukjend by”, etter eit dikt av Stein Versto. Den songen kan vi også syngje på ein jazzfestival.

Besøkt 1 ganger
Previous post

Hvorfor alle festivalene?

Next post

Granlies minnebok

Roald Helgheim

Roald Helgheim