Nokre refleksjonar frå Mor til atten

Eg fór inn frå Bud og rakk opningskonserten i Bjørnsonhuset med Kristin Asbjørnsen sitt band og eit flott kor frå Sør-Afrika. Ein fantastisk konsert. Og eg vil ikkje helle malurt i begeret når det gjeld sjølve konserten. Men eg fekk nokre refleksjonar.

Kjell Magne Bondevik fikk seie nokre innleiande ord, om jazzens påverknad for likskap og rettferd, om Sør-Afrika og kampen mot apartheid. Men kor var dei borgerlege då vi song «Free Nelson Mandela!»? Kva tenkte han då han inviterte krigsforbrytaren Ariel Sharon til Molde i 2003, ei hending som hugsast for helikopter over hustaka, snikande sikringsfolk og ein avstengd by? Eg hugsar journalisten Roald Helgheim den gongen døypte om Romsdalen til «Sharons dal»…

I gospelkonserten vert det mykje hallelujah og eit tydeleg kristent bodskap. Eg byrja å reflektere over kor mange som har vorte drepne i kristendomens namn. Frå kristninga og korstoga, gjennom inkvisisjonar, Hitler («Gott mit uns»), Vietnamkrig, Afghanistan og Irak. – God is on America’s side, sa Bush, og starta krig mot muslimane. Er det historisk litt flaut å vere kristen? Og i dag veldig flaut å forsvare Israels slakting av born i Gaza? Som sagt: Ikkje malurt i begeret for vidunderlege Kristin Asbjørnsens flotte konsert – berre nokre refleksjonar.

Besøkt 15 ganger
Previous post

The long walk

Next post

SOT – balkantubaprogmetall i Parken tirsdag

Mor til atten

Mor til atten

2 Comments

  1. Avatar
    Åsmund Kleivenes
    15. juli 2014 at 17:10

    Når alt kommer til alt er det mennesker som har begått alle disse drapene, ikke kristentrua. Gjeldende retningslinjer står i Det Nye Testamentet, og følger man dem begår man ikke drap. Det er like relevant å knytte Asbjørnsen budskap i konserten til korstogene som det er å knytte “sekulære” konserter (hvis man kan skal dele festivalprogrammet i slike båser) til blodhevnpraksisen i Norge før kristendommens inntog.

  2. Avatar
    jon peder
    19. juli 2014 at 23:33

    Å, så farleg det er med litt kristendom! Verkeleg skumle saker …