Formann
Formann

Sjølvsnakk

Snakkar du ofte med deg sjølv? “Talking To Myself” er den forrykande opningslåten på albumet “Remembering You”, med den emimente danske vokalisten Sinne Eeg. Eigentleg er det ein engelsk versjon av den danske songen «Jeg snakker med mig selv», som Gitte Hænning i 1962 song for Danmark i Grand Prix. Låten vart diska av formelle grunnar, “men vi har gjort han til ein skikkeleg jazzlåt”, sa Eeg til meg då ho første gong hadde konsert i Norge. Men altså: Snakkar du ofte med deg sjølv?

For meg er svaret ja, og det er heilt uavhengig av alderen. Sanninga slo enda sterkare ned i meg då eg høyrde Sidsel Endresen i aksjon, særleg i reunionkonserten med Merriwinkle, med Endresen, Chistian Wallumrød og Helge Sten. Ho skaper heile tida sitt eige språk, sitt eige munnlege uttrykk, innimellom på noko som lydleg er engelsk. Eit stort repertoar som eg ikkje kan konkurrere med, men i kunsten å snakke med meg sjølv er eg ein autoritet. Med åra har du meir og meir lett for å gløyme, noko som kan utløyse sterk harme og ikkje minst bannskap når eg gjev meg sjølv det glatte lag for til dømes å ha lagt fjernveljaren på ein heilt idiotisk stad.

Men munnsveret stoggar ikkje der. Eg har eit høgt utvikla, uforståeleg vokabular som eg nyttar til alle døgnets tider, sjølvsagt åleine, ofte med fysiske geberdar attåt. Blir eg tatt på fersken, nyttar det ikkje å slå over i forståeleg tale, men å gjere gode miner til slett spel, gjerne mens du plystrar ein låt. Ein skulle tru det var lettare når mobiltelefonen kom, men det er tvert imot. Den dagen eg snakkar til ein daud mobiltelefon, er det verkeleg grunn til å slå alarm.

Favorittrolla mi i Twin Peaks er The Log Lady, ho som ber rundt på ei vedski som er det eit lite barn. Då er du over i ein annan divisjon. Men for ein sunnfjording er det ei fryd å høyre islendingar snakke. Islendingane er utvandrarar frå Sunnfjord, og høyrer eg islendingar snakke saman, er tonefallet så prikk likt mitt eige at eg nesten skjønar kva dei seier. Best i tungetale uansett språk er Harald Heide Steen jr., med vermeldinga på “samisk”.  Betre vermelding finst ikkje.

Besøkt 35 ganger