Roald Helgheim går denne veka rundt i Molde by som ein vanleg mann.

Ånden som går

Av og til går Fantomet rundt i byen som ein vanleg mann. I min barndoms Bengal teikna Lee Falk han kledd i hatt, frakk, skjerf og solbriller i varmen. Framleis er trikot rett antrekk i jungelen, han har både pistol og pil og boge på jakt. Men når eg i Fantomet-stripa til Aftenposten brått såg han ringe med mobiltelefon, kvar har det vorte av den tørrlagde brunnen der Jungelpatruljens sjef leverte beskjedar på ein papirlapp?

Sjølv gjekk eg i mange år som revolusjonær ml-ar rundt i byen Oslo som ein vanleg mann, utan at folk la merke til det. Folk oppførte seg naturleg og ingen ropte skjellsord. Det er då eg les historikaren Ivo de Figueiredos skilsetjande artikkel i Morgenbladet om ”Den evige skyttergravskrigen”. Om korleis folk med god utdanning som historikarar eller andre typar kronikørar, går ut av sitt gode skinn. Også når dei som fagfolk omtalar ml-rørsla med eit vokabular av personlege skjellsord, sist i omtalen av boka om Tron Øgrim. ”Også i historieskrivningen om ml-bevegelsen rår det en spesiell stemning” skriv han. Figureidero skjønar at eit oppgjer med ei totalitær rørsle har vore naudsynt, ”men hvor produktivt er det når selve historieskrivningen i den grad gjennomsyres av moralsk oppgjørstrang?”.

I gutedagane lærde eg tidleg at Fantomet, som no er den tjueførste i rekkja, er ”Ånden som går”. Det næraste ml-rørsla har vore eit åndeleg leiarskap, er Tron Øgrim, som eg utruleg nok vart fysisk forveksla med fleire gonger. Vi hadde moro med det. Øgrim profilerte seg ein periode som ein dugande skribent om Ibsen. Ein gong kom ein lærar – attpåtil aktiv i RV – og spurde meg kva eg skulle ha for å snakke om Ibsen i to skuletimar.

Øgrim var eit kjent fjes. Sjølv skal eg gå rundt som ein vanleg mann, i Molde.

R.H.

Besøkt 86 ganger