I natt etter konserten med Sly & Robbie på Plassen, møtte eg Nils Petter Molvær i ei mørk sidegate, og spurte han pent om dersom han fekk velje spørsmål til eit intervju sjølv, kva ville han då verte spurt om?

Dette var det han svarte meg. Og spurte seg.

– Kva ynskjer du deg aller mest akkurat no?

– Å berre gå inn på eit hotellrom, og legge meg på ei seng … og sove i ni timar. Vi har sove kanskje to timar i snitt om natta dei siste par vekene. Tullete reisetider.

– Har du kjæraste?

– Nei.

– Kva er det verste med å vere på turné?

– Flyplassar. Sikkerheitskontrollar. Å sjå korleis bagasjen vert mishandla av stuertar.

– Kva toneart likar du best å spele i? Neida, eg berre tullar.

– Kva er det beste med å vere på turne?

– Det beste er rett og slett den timen, eller timen og ein halv, når du får spele. Det er som ein meditasjon, og det er så bra når alt berre er på plass. Og så det sosiale, møte nye menneske, få spele med forskjellige folk. For eksempel å plutseleg bli spurt om å spele i Teheran med ein iransk musikar. Ja, det å møte musikarar frå andre kulturar, ein global greie. Det er jo sånn type musikk eg driv med.

– Og så vert ein overraska! Plutseleg er du ein nydeleg plass, og tenkjer ”her var det fint!” Og så ser ein på det i eit kvarter. Og så er det soundcheck.

– Å få spele musikk når Daniel styrer lyd. Eg tek opp trompeten, og så kitlar det i magen! Det å føle at ein er i trygge hender.

– Å sove på dagen. Vakne. Sjå deg om, og tenke ”kvar i helvete er eg? Eg var i … Sveits. Er eg i Sveits enno?” Ein får turnéròte når ein har vore ute ei stund, når ein flyttar seg mellom mange plassar. Hovudet er ikkje med, det heng att over Nord-Tyskland ein stad.

– Kva syns du om måkebestanden på nattestid i Molde?

– Slett ikkje verst! Dei flyg lavt. På jakt heile tida.

Besøkt 9 ganger
Previous post

Sonja i jazzlag

Next post

Frispark: 30 grunner til at jeg elsker Moldejazz

Tone Brandal

Tone Brandal