Heilage makrell for ein dag. Det kokar i sentrum og ikkje minst i Romsdalsmuseet. Det er damenes aften, med store bokstavar.

Eminente Esperanza Spalding klarte ikkje heilt å få med seg den solsteikte hopen som kjente si besøkelsestid i dag. Men så entra Joss Stone scena. Det 29 år gamle britiske fenomenet som erobra soul-pop-verda allereie som 14-åring, og har vunne både Grammy og slått ymse britiske listerekordar med singlane sine dei siste 13 åra. Det har vore mystisk stille rundt ho her til lands i seinare tid, men det burde jo snu rimeleg kjapt etter denne ettermiddagen.

Kjære vene for eit herleg vesen! Stone entrar scena med dagens breiaste glis, ein blonde-pastell bohem-draum av eit antrekk og ei stemme med ein sjel langt eldre enn hennar knappe tredve runder kring sola. Dette har vi lengta etter; både veret, stemninga og nokon som kan få oss til å gløyme alle dei tidlegare regntunge dagane i museets elles harmoniske kulissar.

– I’m so glad the sun came out! seier ho, til unison einighet i graset.

Foto: Camilla I. Røsbak

Foto: Camilla I. Røsbak

– You fancy a little reggae??

Underteikna er til vanleg ikkje særleg begeistra for akkurat dét, men akkurat no er eg altetande, dette lovar bra, uansett taktart. Stone må vel vere det ein kan kalle eit naturbarn, med eit sjeldant naturtalent. Den deilige, uanstrenge råheten i røysta hennar kallar på gåsehud og godfot. Bandet er så tight ein kan ynskje, og kordamene er vel minst like gode vokalistar som frontfiguren.

Fan-gjengen i piten nyt for ein gongs skuld skuggen av scena, men eit av solas beste barn står på scena, og vi tek gjerne i mot varmen hennar også. Joss er i perlehumør, og mange soltrøytte rumper tek gladleg til å lette på seg då ho annonserer ”I’m coming down!” under ein av dei største hitsa hennar, Super duper love, og får med heile sulamitten på allsong, med seg sjølv midt i publikum.

Jazz er det vel strengt tatt ikkje, men det drit vel alle i no, det er sløy og skjønn old school soul. Ein skal vere ganske kald for å ikkje klare å omfamne det, på ein dag som denne, eller når som helst. Ein kan ane spor i vokalen av Stone sine heltar, Aretha Franklin, Stevie Wonder osb. Men aller mest høyres ho ut som seg sjølv, i storform. Ho er eit einaste stort smil, med tillaup til latterkuler, små historier og vitsar gjennom den halvanna timen som gjekk så altfor fort.

Foto: Camilla I. Røsbak

Foto: Camilla I. Røsbak

Det er mange som syng soul fint, med mange krussedullar og lungekraft, men ein av Stone sine mange styrker er kor ”tight” ho fraserer i tillegg, tonane renn ut av henne frå ei ukjend kjelde, så presist og perfekt, utan at ein får inntrykk av at ho prøver i det heile. Nådegåve, heiter det kanskje. Ho slutta tidleg på skule fordi det akademiske ikkje låg naturleg for henne. Dette gir jo eit lite håp til fleire som er meir kunstnarisk anlagt, at ein ikkje treng 8 år med utdanning for å nå draumane sine.

Ei av dei fabelaktige kordamene peikar mot himmelen og klarer nesten ikkje stå stille mellom to låtar, det er så deilig med slik stemning på scena! Vi er alle på den same festen, i det same rommet, vi ristar på raua til den same rytmen, vi er her saman, og klarer i nokre augneblink å legge til side alle bekymringar for kva som skjer i andre, mindre heldige stader i verda. Slike pauser er kjærkomne her i livet. Ryktet til Moldejazz nyt nok godt av det også.

Ein heldig fan ropar ut ein songtittel, Bruised but not broken, får ein kort dog hjarteleg a capella-versjon, og Joss Stone beviser for n-te gong denne ettermiddagen at ho har publikum i si hule, diskrét tatoverte, hand.
Siste låt vert avbroten av at Joss stoppar heile introen fordi ho har gløymt noko, og får heile museet med på bursdagssong til sin far, Richard. No kjennest det i alle fall ut som vi kjenner ho betre enn vi kunne håpa, og ”daddy” kan vel neppe verte stoltare av dattera si enn i dag.

“I got the right to be wrong” rundar av årets peace & love-konsert, og ein klam og lat ettermiddag har kokt opp til eit holistisk vekkelsesmøte, utan protest. Vi er overbevist, og vel så det. Joss Stone er ei skinande stjerne på Moldejazz sin gudeblå himmelkvelv.

Besøkt 38 ganger
Previous post

Tyst og intenst

Next post

James Brown reinkarnert

Tone Brandal

Tone Brandal