Klassekamp

Klassekampen er i byen, og i dag kom avisa til frukostbordet. Det er gratisutdeling av avisa i byen, og toppoppslaget «Høyre-bløff i reklame» lyser mot ein frå Narvesen i kremmarbyen Molde. Så enkelt var det ikkje i dagsavisas første år, då aktivistar på gata fekk høyre at no har vi det så godt i byen, og så kjem Klassekampen og lagar bråk!

Soger om KK har eg fortalt før, om då eg som journalist og fotograf sende film med første morgonfly til framkalling i Oslo. Og eg gløymer ikkje den dagen då tittelen «Og det vart morgon femte dag» lyste frå framsida. Etter den historiske nattkonserten med Miles Davis i 1984 som den herverande redaktøren av Fireflate også var med på å dekke. Og eg minnest møtet med Nils Petter Molvær vandrande rundt i morgonbyen, overvelda av møtet med ei legende. Sjølv hadde eg og to andre fått audiens hos sjefen i garderoba i kjellaren etter konserten. Eg tok han i handa, «how are you, man» spurde han, og eg mista munn og mæle.

Vi går attende i tid, då neste kapittel var å få Klassekampen ut til folket, organisert ved at avisa sende ein pakke poste restante til hotellet eg budde på i Molde, og eg fekk damene i resepsjonen med på at dei tok imot oppgjør for salet. Om det høyrest ut som eit eventyr, var problemet å organisere seljarar i ein by der revolusjonen ikkje akkurat stod først på dagsorden, og nokre av kaderen som ikkje likte jazz, reiste på ferie! Somme meinte altså at det var viktigare å ta opp arbeiderklasse-saker i avisa enn jazz. Svaret var å gjere Klassekampen til ei avis på høgde med, eller betre, enn alle dei andre også om jazz, og om eg vil bli hugsa for noko, er det akkurat det.

Kampen for å få ut ei revolusjonær avis er elles framifrå skildra i Edvard Hoems roman «Kjærleikens ferjereiser». I dag ligg avisa på alle bord, og når det gjeld dei gamle arbeidar-puritanarane, kjem det enno folk som fortel korleis dei til slutt beit i det sure jazz-eplet og vart jazzelskarar.

R. H.

Besøkt 60 ganger