Ruben Olsen Lærk

Voyage – ei historie om havet

Voyage er namnet på Daniel Herskedal si nye utgiving på britiske Edition Records. Dette danner utgangspunktet for det vi fikk høyre i Molde domkirke fredag kveld.

Ei historie om havet

Havet tek og havet gjev
Det er og har vore livgjevande for mennesket
sidan tida var ny her på jorda.

Ein tur frå hamn til hamn var det du gav oss
der du mala bilete med store strøk
på musikken sitt uendelege lerret
Saman med dine sjømenn
med alle sine tonar som segl
tok du oss med frå det kalde nord
til skipsverft i England der ljoden av arbeid
ljoma mellom veggane.

Daniel Herskedal, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

Vidare bar det til sydlege strøk
der ein kamp om liv og død utspelte seg
for dei redde menneska
som ikkje lenger hadde ein heim
Eg kjende frykta i marg og bein
Dette biletet blei mala for oss
her oppe i nord
Som sit trygt i ei kyrkje
og kan lukka auga for all den redsla
desse landlause kjenner på kvar dag.

Når ljoden frå instrumenta stilnar
tek salen over
og er vinden som hentar deg inn igjen

Då tennast fyrlykta for å vise oss vegen
Nokon heim
Nokon vidare ut i natta.
Vi har kome trygt i hamn.

Takk Daniel Herskedal for at du vil fortelje di historie. Takk for musikken og opplevinga.

Daniel Herskedal: tuba og basstrompet
Bergmund Waal Skaslien: bratsj
Eyolf Dale: piano
Helge Andreas Norbakken: perkusjon
Gjest: Maher Mahmoud, oud

Bergmund Waal Skaslien, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

Daniel Herskedal, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

Maher Mahmoud, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

Daniel Herskedal, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

Daniel Herskedal, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

Daniel Herskedal, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

Daniel Herskedal, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

Daniel Herskedal, Voyage. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

 

Besøkt 395 ganger