Kari Harneshaug. Foto: Gunnar Horrigmo

­– Ej høyre ikkje sjanger, ej høyre musikk

Ut frå skodda på Harøya sto Kari Harneshaug på scena i Teateret Vårt fredagskvelden. Ei scene som passa ho heilt perfekt. Det er ikkje godt å høyre kva for ein sjanger ho representerar, og det understreka ho sjølv og med å seie at ho ikkje høyrer sjanger, ho høyrer musikk. Den nyaste plata hennar Deeper / Further  har fått veldig gode kritikkar, og det var mest låtar frå denne vi fekk høyre.

Kari Harneshaug. Foto: Gunnar Horrigmo

Med gode takt og tempovariasjonar og ein nydelig klang i stemmen vart vi dradd med inn i musikken hennar som ikkje minst vart framheva av dei framifrå musikarane ho hadde med seg. Pianist Kjetil André Mulelid fekk tydeleg fram jazzsjangeren i improvisasjonspartia sine. Ein pianist det verkeleg var ein fryd å høyre på. Gitarriffa til Lars Ove Stene Fossheim fekk oss nesten over i rocke-sjangeren til tider. Enkelt mollstemt harmonisk som gjorde at den soniske Telecasteren hadde fritt spelerom til å tøye og utforske det modale frå to kantar. Kyrre Laastad trakterar dei fleste instrument, men på denne konserten var det baryton-gitar og bass som var i bruk.

Kari Harneshaug. Foto: Gunnar Horrigmo

Kari Harneshaug har endå litt å gå på når det gjeld å kommunisere muntleg med publikum, men musikalsk kommuniserer ho som ei ny verdsstjerne. Ho får fram dei gode tekstane sine, og av og til skulle eg ønske at ho kunne ha hatt nokon av dei på norsk. Berre for å få dei endå litt nærare.  Eg reknar med vi vil få sjå ho på fleire festivalar i åra som kjem.

Besøkt 382 ganger