Foto Camilla Grünewald

Ytterst organisk og vakkert

Årets Artist in Residence Sidsel Endresen har denne veka blitt tildelt eit høgst fortent høve til å samle trådar frå sitt rike utval av aktuelle musikalske samarbeid frå dei siste åra. Måndag kveld presterte ho, i grunn ikkje overraskande, å tvinne ein ny.

Vilde Sandve Alnæs på fiolin og Inga Margrethe Aas på kontrabass utgjer frå før duoen Vilde & Inga, trompetist Eivind Lønning og saksofonist Espen Reinertsen kallar seg vanlegvis Streifenjunko på scenen. Christian Wallumrød på tangentar har samspelt med Sidsel mange gongar tidlegare.

I forbindelse med Endresen si heidundrande 60-årsfeiring på Victoria Nasjonal Jazzscene i 2012, improviserte dei saman for første gong. Opplevinga var lettare prega av små ujamnheiter og utforsking dei seg i mellom. Ikkje så rart, dersom eg hugsar rett; øving på førehand hadde ikkje stått på agendaen. Felles improvisasjon i si reinaste form. Sidan då har Sidsel og hennar handplukka medmusikarar utvikla seg til å bli éin organisme.

Det er ei ytterst organisk og vakker reise vi får ta del i. Ein slags fødsel av eit tre, som bryt igjennom ein gjestfri overflate. Greiner av klangar som stadig er i vekst, oppover og utover. Sidsel styrer prosessen, ho er vinden og jorda, men alle lyttar til kvarandre, deler stadig ut nye klangnyansar mellom seg, som umiddelbart når oss som sit i mørkret. Lyset på scenen er varmt og fint, og lyden er usedvanleg klar, det skulle berre mangle.

Endresen har ei heilt eiga evne til å vise oss rom og landskap ho byggjer med unik stemmebruk og ukjent språk, og oppmuntrar med dét oss til å utforske nye rom i oss sjølve.

Ein time og ti minutt i nytelse og undring denne milde måndagskvelden. Det er berre å fullglede seg til meir Sidsel Endresen med vener denne veka.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Besøkt 34 ganger