Chet på norsk i Alexandraparken

Tida er komen for å anbefale to gratiskonsertar med eit band som utan tvil burde stått i hovudprogrammet.

Baker Hansen består av fem norske jazzutøvarar som vi garantert kjem til å høyre meir i frå: Sigurd Rotvik Tunestveit (vokal og gjendiktningar), Thomas Husmo Litleskare (trompet), Kjetil Jerve (piano), Stian Andreas Andersen (kontrabass) og Tore Flatjord (trommer). Dei har tatt med Chet Baker på ei norsk språkreise, og resultatet er eit spanande møte mellom amerikansk cooljazz, norsk fjelluft og vårt eige morsmål. Dei serverer eit lekkert utval av jazzperler i Chet si ånd, det er nesten så ein skulle tru at det var motsatt; At Chet Baker oversette frå norsk.

Alexandraparken fredag kl. 16.40 og laurdag kl. 15.00.

PS. Dei har allereie spelt inn plate. “Ei som deg” er tilgjengeleg på både cd og vinyl!

Besøkt 24 ganger