(Foto: Andreas Jørgensen)

Emilie går si eiga rås

Utselt. Det skulle berre mangle. Har du ikkje høyrt namnet Emilie Nicolas (med stum s!), så bur du mest truleg under ein stein ein stad i Surnadal.

Ungdomen i Molde gjorde storinnrykk i går kveld, i lang-lang-rekke gjennom dørene på Plassen, og stimla framfor scena som om det var helsa som stod på spel.

Sjangeren elektro-pop har breidd seg ut over Noreg dei siste åra, og mykje av det vert rekna som, og er, veldig bra. Emilie kom nærast frå intet og gjekk rett til topps. Å skulle samanlikne ho med andre unge, norske artistar som held på i liknande lydlandskap kan ein eigentleg hoppe over, det norsk-franske stjerneskotet frå Bekkestua går si eiga rås.

(Foto: Andreas Jørgensen)
(Foto: Andreas Jørgensen)

Vi var så heldige å få servert heile den kritikarroste debutplata I’m like a warrior denne natta, pluss to låtar til, nydelege Paulette dedikert til Nicolas’ franske bestemor, og Cloudy, som eg vonar kjem med på neste fullengdar. I starten stod underteikna klint inni scenekanten saman med fotografar og lettare påsegla blodfans, men etter at den verste stormen av lukkarlydar var over (som eg mistenkjer Emilie tidvis kunne høyre) gjekk eg heilt bak i salen. Når det bryggar opp til allsong på ein så velsigna vakker og sjelevrengande låt som Nobody knows er, er det fint å berre tre tilbake dit lyden er best og nyte i fred. Men for all del; det er kjempekjekt å synge med på låtar ein elskar. Og Nicolas tok vonlegvis ”koringa” som eit kompliment.

Eivind Helgerød (Foto:Camilla I. Røsbak)

Lysfolka gjer ein lekker og smakfull jobb gjennom heile settet. Bandet er supertight. Enkelte vil påstå at ein eigentleg berre kan gå heim og sette på plata. Men heime er du langt unna så god lyd som vi var så heldige å få oppleve i ein god time. For lyden var særs fin og klår, og volumet akkurat sånn det burde vere på einkvar konsert. Ein vert nesten litt satt ut av at det går an å høyres så glatt ut live, men det er rett og slett fordi Nicolas og bandet er beint fram dritflinke! Vi har med perfeksjonistar å gjere. Det er så mange klangmessige og rytmisk geniale detaljar i låtane, ein kan høyre nye ting kvar gong ein lyttar til skiva, og det er alltid nye krumspring å spore live. Og eg må berre få trekke fram trommis Eivind Helgerød. Etter mi meining ein av Nord-Europas beste i si klasse. Steik, for eit fantastisk tøft brekk han leverte då Fail nådde klimaks! Takk! Anders Opdahl på bass/synth og Nicolay Svennæs på keys kompletterte Nicolas og Helgerød prikkfritt, og vel så det. Samspelt.no!

Ein kjem ikkje unna den unike stemmen til Emilie. Deilig uanstrengt, rein, varm og klår som ein lysstråle som finn kortaste vegen inn til hjarterota og opnar sjelen. Ho formidlar på ein måte som er ujålete, personleg og tydeleg, og løftar deg nokre centimeter over golvet så lenge herligheten varer.

Ragnar Hovland skreiv ein gong: “Dei vakraste melodiane får ein aldri høyre. Ein berre anar at dei må finnast. Berre dei nest vakraste får ein av og til høyre.” Nokre av dei vert sunge av Emilie Nicolas.

Besøkt 142 ganger