Det var glissent med publikum i graset på Romsdalsmuseet, men knappe 10 min etter at Veronica Maggio regelrett spratt inn på scena med bandet sitt var det ikkje lenger noko å tenkje seg redd på. Ho vann publikum umiddelbart, og hadde oss i sin favn heile konserten igjennom.

Svensk-italienske Maggio har ein imponerande katalog av uvanleg gode pop-schlägers sjølv om ho berre har gitt ut fire album, og ho leverte song på song med inderleg innleving og overskot. Välkommen inn, Dallas, Måndagsbarn, Sju sorger, Låtsas som det regnar, Finns det en så finns det flera. Ja, det finst fleire. Heile settet var ein oppvisning i steingod, reinspikka pop, utan eit einaste dødpunkt. Sjølv påstod ho at ho nettopp hadde vakna og var litt trøtt, men det merka vi ingenting til. Ho baud på seg sjølv frå start til slutt.

Noko av styrken i låtane hennar er dei gode historiene som ho formidlar så oppriktig som om dei skjedde i går, på sin heilt særeigne måte. – Folk seier at eg berre syng om to ting: Fest, og hjartesorg. Men det, kjære Veronica, er jo sjølve livet! Både ditt og vårt. Ein skal ikkje kimse av klisjéar, for dei er det mykje sant i. Kombinasjonen av triste tekstar og up-tempo melodiar er alltid ein vinnar. Berre sjå til hennar landssyster Robyn.

Ståpelsen heldt seg på denne glade amatørjournalisten gjennom heile Satan i gatan. Eg kjende meg som ein tenåring att, der eg stod heilt framme med alle som faktisk var under 18, og Maggio losa oss leikent gjennom 17 år. Og så, skjedde det noko, for meg, heilt fantastisk. Vakre Veronica Maggio haldt augekontakten med meg under så og seie heile andre refreng av Jag kommer! Det var sikkert fordi eg song det beste eg kunne, slik som resten. (Altså, kven kan ikkje det refrenget?) Men OMG. Starstruck! Det kjem eg aldri til å gløyme.

Vi fekk to ekstranummer, som Maggio med glede ville gje oss. Først den usigeleg vakre og triste Snälla bli min, som merkeleg nok ikkje vart besudla av den spontane allsongen som braut ut, men tvert i mot vart ei forsterka oppleving og fekk underteikna til å felle ei tåre eller tre, dei to korte minutta songen varer. Så smalt ho endeleg til med Sergels torg, hiten frå den siste plata Handen i fickan, fast jag bryr mig, og suksessen var eit faktum. Publikum kauka på meir, og Veronica ville veldig gjerne leike med oss ein time til, men skjema er skjema.

Sol, svensk super-pop og lukkeleg uvisse om at neste artist har avlyst er absolutt ei vinnaroppskrift. Heldigvis kom både du og vi, Veronica.

« 1 av 2 »

Besøkt 53 ganger
Previous post

Med Zanu-kraft skal landet bygges

Next post

Hva synes du om at D'Angelo ble avlyst?

Tone Brandal

Tone Brandal