Domino

Formann Roald HelgheimDen første framsida av magasinet etter brexit var 28 blå dominobrikkker som står i ring. Ei av brikkene held på å falle.

Tittelen “The Fall of Europe” viser til ein arikkel som er signert Simon Shuster, leiar for magasinet Times Berlin-kontor, med undertittelen «Why Brexit is just the beginning». Det var like etter 4. juli, USA hadde fylt 240 år, og resten av bladet var fylt av imponerande “240 reasons to celebrate America right now”. Vi gratulerer, men sidan nasjonen har ei domino-side å tenkje på, går eg attende til brikkene.

Dei kan brukast til mange slags spel, kva verdsrekorden er i lengda av fallande brikker, veit ikkje eg. Men i politikken fann USA opp dominoteorien, ein geopolitisk teori som gjekk ut på at dersom eitt land kom under kommunistisk styre, ville landa rundt følgje etter som – nettopp dominobrikker. For å hindre dette lanserte president Harry S. Truman doktrinen som fekk sin elddåp under krigane i Indokina, dit den amerikanske presidenten i jubileumsåret reiste for å snakke forsoning. Krigen hadde kosta nær 300.000 liv, av dei knappe femti tusen amerikanske.

Mindre kjend enn Truman-doktrinen er George Kennans “containment”, som tyder oppdemming. (Kennan vart 101 år gamal. ) Dette er er inga detaljert krigsoppteljing, men viktig å hugse er den stadig hemmelege og ikkje offisielle krigen USA førde mot Laos i perioden 1964 til 1973, då USA gjennomførde 550.000 bombetokter, ei last (planeload) bomber kvart åttande minutt, dag og natt i ni år. Per innbyggjar er Laos det tyngst bomba landet i historia. Ikkje eksploderte bomber har drepe eller skadd titusenvis etter krigen.

Om USA har nokon doktrine for politikken sin i dag, kan det ikkje vere dominoteorien. Brikkene hopar seg berre opp, og eg oppmodar jubilanten til å finne på noko anna. No er eg på jazzfestival og kan nyte ein musikkskatt USA har all grunn til å feire. Særleg gler eg meg til konserten med Pat Metheny og jazzens elegantier, bassisten Ron Carter. Ha god ein festival.

R.H.

Besøkt 37 ganger