Foto: Ruben Olsen Lærk
Ola Kvernberg - Mechanical Fair

Mechanical Fair: Verdig åpningskonsert

Ola Kvernberg innfridde forventningane til opningskonserten på Bjørnsonhuset. Og han var den første til å medgje at det var litt pretensiøst.

Foto: Ruben Olsen Lærk
Ola Kvernberg – Mechanical Fair, Bjørnsonhuset. Foto: Ruben Olsen Lærk

 

 

 

Verket Mechanical Fair ble først framførd som kvintett på Kongsberg i 2012, og har sidan ekspandert jamt og trutt.

I kveld fekk vi den ultimate versjonen av Mechanical Fair, med over 20 musikarar på scena, inkludert Trondheimsolistane. Fullstappa scene med plass til alle.

Foto: Ruben Olsen Lærk
Ola Kvernberg. Foto: Ruben Olsen Lærk

Det skal vise seg å vere eit makelaust maskineri vi får oppleve den neste timen og ein halv. Ola losar orkesteret og oss med ein ro som bekreftar at det ikkje er første gong verket vert framført.

Dei som har hørt plata veit jo litt kva som ventar, at dette er vakkert, filmatisk, finurleg. Små likeverdige, leikande tema, lag på lag, varierande friksjon, og vi glir med, under jorda, under bruer, under havoverflater, under fjerne og nærare himmelstrøk. Vindauger vert åpna.

Det er gjennomkomponert, godt innøvd og upåklageleg samspel. Dette er med på å gje lydbiletet eit litt mekanisk preg, men det er ikkje noko å seie på spelegleda som skin frå scena.

Musikken gjev heilorganiske assosiasjonar, som ei filmatisk kjensle av å frå første rad få oppleve tusenvis av sjølvlysande glasmanetar i eit ellers svart havdjup. Det er mykje løynd venleik verket avslører for oss, som Kvernberg har fått velsigning til å hauste, frå den evige musikkskya vi alle til ei kvar tid er omgitt av.

Foto: Ruben Olsen Lærk
Ola Kvernberg.. Foto: Ruben Olsen Lærk

I den vesle velpassande pausen mellom første og andre akt er Kvernberg heldigvis den første til å medgje at det heile er ei aning pretensiøst. Og det er det absolutt lov til å vere. Vi hadde gått glipp av mykje musikk gjennom historia dersom alle kunstnarar skulle legge hemningar på seg sjølv i ein skapingsprosess.

Trondheimssolistane og øvrige musikarar (eit stjernelag!) gjer ein nydeleg, uanstrengt jobb, og Kirsti Huke si varme stemme ligg som eit florlett slør over det heile.

Det er ei verdig festivalåpning, betre enn den i fjor, høyrde eg nokon påstå. Ståande, velfortent ovasjon og ekstranummer.

Heile konserten er prega av ambisiøst overskot, og det kan jo Kvernberg trenge. Han har framleis seks konsertar å gjennomføre før søndag, som ligg an til å verte svært så ulike. Eg trur vi har god grunn til å gle oss. Nei, eg VEIT vi kan gle oss.

Besøkt 37 ganger