Edvard Hoem holder åpningstalen. (Foto: Hogne Bø Pettersen)

Edvard Hoem taler

Dikterhøvdingens åpningstale gjorde inntrykk på mange. Var du ikke i parken, kan du lese den her – komplett med sceneanvisninger for bandet ditt, om du har et.

Now’s the time!

(Parafrase over Now’s the Time, Charlie Parker. Endeleg versjon 13.juli 2019

No er det, no.
Det er no det skjer.
Vi er her saman.
No gjeld det oss, ja, oss, og ingen andre,
så høyr musikken spelar opp for deg
og meg samtidig! Heilt tilfeldigvis
kom du og eg, og alle rundt oss no
– frå kvar vår kant, frå kvar vår krok
i eksistensens mørker. Og vi ser kvarandre!
Eller var det gamle samværs glede
som minte om at no var tida inne;
slik at vi skunda oss og møttest her?

Vi veit at mange andre er på veg,
og kanskje vil vi møte dei ein gong,
ja, kanskje neste gong, rundt neste hjørne
dei nye slekter, som skal lytte til
musikken vi har vore saman om!
Musikken, som er like ny for dei
som det den var for oss,
som det den er for oss!
Og kanskje sender dei små, raske smil,
til kjend og ukjend ved det første møtet,
på same måten som vi smiler no,
smil med vemod i, med håp og lengsel
eit lydlaust rop som endeleg finn svar
i andres blikk og rytme?

For når musikken spelar opp
er det som om alt er første gong, 
som da Vårherre skapte denne verda,
med smak og fargar, rørsler, og musikk,
med skog som susar gjennom Amazonas,
med isfjell, brear, endelause vidder!
Da kjem vi på det! Da er saka klar:
Vel var vi ikkje først, men vi var her!
Og nye møte er som første gong.

Enno skjer det, dét som bind oss saman,
at vi får auge på den tapte sanning:
Vi er av same slag, med våre ustøe sinn
og vår sjenanse, idet vi snur oss bort.
Stundom tapte vi vegen
av syne, gjekk oss bort.
Vi gløymde at vi er meir enn kropp og sansar:
We are such stuff that dreams are made of.
No samlast vi som barn på sirkusplassen,
slik dei fromme samlar seg til messe,
slik fiskarar har samla seg på strendene
når morgon grydde, slik dei krigstrøytte
kjem saman på torget når dei anar
at freden er på veg.

Vi samlast no på nytt for å kjenne smaken
av Afrikas mørke, tapte heimland,
av plantasjens åkrar, som vart eit nytt heimland
å lengte til frå gatene i New York:
Georgia on my mind,
den store sound frå bulene og barane,
frå bakgatene og konsertsalane.
Slavemusikkens draum om luft og lys
og mest av alt om fridom, grip oss:
Nobody knows the trouble I’ve seen!
For den draumen, fridomsdraumen
er jazzens inste groove. Og etter det:
Ein kakofoni av tusen stemmer,
ekstatiske rop, stille fryd, uforløyst smerte
som breier seg på alle kontinent.
Barnestemmer og aldrande grumling,
ungdommens kåtskap og depresjonar,
Nordens sommarhimlar og hivande pust;
før stilla bryt laus, og sommarregnet
drys i etterklangen av konserten.

Vi som er sytti og seksten på same tid,
og som har opplevd alt, eit kyss, ein klem,
ein krokfot, så vi gjekk på trynet,
vi reiser oss på nytt,
vi opnar famnen, opnar for musikken,
med smerteskrik og gledeshyl.

Now’s the time, now’s the time.
Og vi er midt i denne tida,
av sinne, skam og anger.
Men bortanfor den finst ømme ord,
lengten etter å gå laus på nytt,
som om ingen knuste kjærteikn fanst.
For like bortanfor bur den freden
som ikkje spør etter meir, den som eig alt
den freden som legg ein finger på leppa:
So, hush little baby! Don’t you cry!
Musikken kallar på oss:
Now’s the time!
Det er vi som er her no.
Dei farne tider ber vi med oss:
Ein pust i hornet, så oppstår alt på nytt.
Så kjem dei unge, enno ikkje ferdige,
enno ikkje fullkomne, men i sin fulle rett 
stormar dei fram på arenaen,
og spelar opp, på liv og død,
som om saksofonen, fiolinen og trompeten
var oppfunne for dei aleine.
Men stor musikk gjer klok,
dei ser sitt spel i samanhengen,
dei ser musikken, den som viser veg
til eit land vi ikkje visste om, før no,
før nettopp no.

Blikk møtest, hjarte slår i same takt,
og brått deler vi på sorga som vi trudde
vi skulle bera aleine.
Musikken ropar gleda fram
den uskadde livsgleda frå tidenes morgon.
Døde venner kviskrar til oss i sommarvinden:
– Kom ikkje for seint til livets store session.
Den pågår no, no spelar dei for deg!
Da er vi framme, i tide, nettopp no,
så ta musikken inn som eit djupt andedrag.
ingenting er for seint, det er no, no, no.
Musikken minner om at alt går over,
men at vi fekk ei gåve – ufortent –
fordi vi er her no.

Min ungdoms by får evig liv av musikken
som aldri stilnar, stig frå fjord og holmar,
Eg ser ein fjord som rullar uvêrsgrå,
som det flyt kvite svaner på!
Fjellraden taus og mørk,
himlane svartnar.
Men ei rift i skylaget slepper lyser inn
og blir til kveldssol, som blir til julinatt, så morgongry: Eit Break of Day in Molde.

(Her begynner musikken. Inn bakfrå
fram til scenekanten, først forsiktig)

Det er no, det er no, no er det tid.
I denne tida lever vi,
og vi er her og ingen annan stad,
som går igjennom denne byen no.
Vi sluttar oss til eit pilegrimstog
som gjekk og gjekk i meir enn hundre år
og fremst i dette framtidstoget går
Charlie Parker og Miles Davies,
John Coltrane, Sonny Rollins,
Sarah Vaughan, Ella Fitzgerald,
Billie Holiday, Nat King Cole,
i den evige street parade
gjennom komande tider.
Også Nordens sommar høyrer eg
i Monica Zetterlunds ertande frasering,
Niels Henning Ørsted-Pedersens bass
Jan Johanssons folketonar,
gjenskapte i jazzens språk.
Bilete flyt av garde i ein straum
min ungdom vaknar i mitt slitne hjarte:
Så ser eg det eg såg:
Jon Christensen, tjue år,
intenst lys vaken, som eit barn,
på vakt ved trommesettet.
Einar Iversen, høg, mørk og elegant,
i dress og kvit skjorte, svart hår bakover,
hovudet på skrå, på veg til flygelkrakken,
før kveldens store stjerne gjer entré.

No er det vi som er her, now is the time,
the festival is hereby opened.

(Full besetning, full guffe
Now is the time!)

Edvard Hoem

[gs-fb-comments]

Besøkt 225 ganger