Sidsel Endresen, illustrasjon av Arne Nøst
Sidsel Endresen, illustrasjon av Arne Nøst

2 x Merriwinkle

Åtte år har passert sidan sist impro-trioen Merriwinkle opptrådte saman. På konsert nummer to som Artist in Residence er Sidsel Endresen gjenforent med Helge Sten (elektronikk, el-gitar) og Christian Wallumrød (flygel, elektronikk). Om tida på noko vis har påverka samspelet, er det utvilsamt i positiv forstand.

Vi vert teke med på ei reise som skal vare ein time. Vi startar heimefrå. Endresen er ein komfyr med vasskjele på boblekok, skrur opp og ned temperaturen. Wallumrød og Sten gjer seg klar, og så dreg vi, med brygget på termos, og fylgjer løynde ruter utanfor allfarveg. Men retningen er udiskutabel.

Det skjer ei vending når trioen, truleg gjennom telepati, bestemmer seg for å skilje lag, men med god sikt til kvarandre. Stemninga vert sår, men samstundes truande. Vert det torevêr eller skodde? Improviseringa utviklar seg i stigande grad til ei form for konflikt, ein krig mellom to partar. Sten og Wallumrød sit i kvar si skyttargrav, Sidsel fungerer som grensa, og ufriviljug årsak til knivinga. Einsam og usynleg, men så smerteleg tilstades, randfull av historier frå begge sider. Helge Sten, impro-elektronisk guru ifølge fleire, manar fram skodda, klokkene ringer frå tårn i det fjerne, i eit landskap prega av stigande uro. Wallumrød svarar med torden og granatar, splintar ligg strødd. Endresen sit usårleg, og held fram med historiene.

Sjølv om sydande lydar, flyktige melodiar og tidvis hektisk gestikulering gjev meg motstridande assosiasjonar, er bølgjene av stemningar lette å oppfatte. Innimellom Endresen sitt fargerike språk, lat oss kalle det sidselsk, kan ein i nokre strekk oppfatte kjende ord! Ikkje overraskande er dei på engelsk, som Sidsel beherskar på linje med morsmålet. Fire. Human. Leave your home. Fire, unite. Holy. Heal my soul. Deeds to close (?). Miles and miles. Ord som ligg mjukt i munnen. Sjansane er gode for at den noko spreidte teksten ikkje vart til med vitande overlegg. Men desse orda og setningane (!), saman med lydlandet til Sten og Wallumrød, styrkar mitt inntrykk av at den eminente trioen onsdag kveld mana fram eit verk av episk karakter. Ode til ufred?

Her kjem ei historie, litt på sida: For eit par-tre tiår sidan streifa ei kvinne rundt i Akersgata i Oslo, og ropte ut ord som ingen heilt forstod. Men det vart ikkje gjort eit einaste forsøk på å få henne fjerna, eller få ho til å slutte! Igjennom all kaudervelsken, glitra det nemleg ein soleklart bodskap om at sanninga måtte fram, eit djupt oppriktig ynskje om å få slutt på vondskapen i verda. Den evige, kollektive draumen. Episoden er også dokumentert i Erik Hillestad sin tekst For vår jord, sunget av Karoline Krüger.

Merriwinkle gjer noko av det same som kvinna i Akersgata, i brilliant, ordna form. Siste ”akkord” vert runda på likt. Er dei endeleg einige?

Som overskrifta antyder, fekk vi servert noko så eksklusivt som ein ekstra konsert. Eit ekstranummer vil eg ikkje kalle det, for etter at Sidsel & co. vart klappa inn att, leverte dei eit stykke av langt lystigare sort. Kanskje for å lette stemninga, kanskje ikkje naudsynt, men absolutt ein velkomen kuriositet.

Besøkt 42 ganger