Sidselsk til det siste
Moldejazz 2014 er plutseleg straks over, og årets Artist in Residence Sidsel Endresen har overbevist oss om at ho var verdig den ærefulle oppgåva. Måndag serverte ho ein nydeleg seanse saman med Sekstetten, og onsdag eit episk gjenhøyr med Merriwinkle. Torsdagens bakoversveis har enda ikkje roa seg heilt etter utblåsinga …
Urbrøl fra Sidsel og Stian
– Hei og velkommen til runde nummer tre med Artist in Residence Sidsel Endresen. Konsertkonferansier Tor Hammerø spår at det vert ein festaften.

2 x Merriwinkle
Åtte år har passert sidan sist impro-trioen Merriwinkle opptrådte saman. På konsert nummer to som Artist in Residence er Sidsel Endresen gjenforent med Helge Sten (elektronikk, el-gitar) og Christian Wallumrød (flygel, elektronikk). Om tida på noko vis har påverka samspelet, er det utvilsamt i positiv forstand.