Sidselsk til det siste

Moldejazz 2014 er plutseleg straks over, og årets Artist in Residence Sidsel Endresen har overbevist oss om at ho var verdig den ærefulle oppgåva.

Måndag serverte ho ein nydeleg seanse saman med Sekstetten, og onsdag eit episk gjenhøyr med Merriwinkle. Torsdagens bakoversveis har enda ikkje roa seg heilt etter utblåsinga saman med Stian Westerhus, og fredag kveld vart det heile runda av med ein herleg live remix av Stefano Bollani (piano) og Hamilton de Holanda (bandolin) sin timeferske konsert. Min første tanke etter at Sidsel, Jan Bang og Erik Honoré gjekk lattermilde av scena var: Dette vil eg då gjerne ha på plate!

Jan Bang og Erik Honoré er gamle vener av Endresen frå diverse samarbeid, mellom anna på Punktfestivalen i Kristiansand. Seint fredag kveld var det duka for leikestove i eit nær stappfullt Storyville.

Innimellom var det absolutt mogeleg å dra kjensel på den føregåande konserten, utdrag frå pianoet og bandolinen vart smakfullt pakka inn i ny drakt av alle tre. Samstundes var det sjølvsagt ei heilt anna oppleving. Sidsel fekk også elektronisk behandling for første gong denne veka.

Latino, afro, hip hop, og ikkje minst ambient, mixar Bang og Honoré fram, og storkosar seg medan dei gir oss smakebitar frå ulike sjangrar. Dei meistrar å gjere dei utvalte, akustiske frasene frå Bollani og de Holanda til ein utsøkt og naturleg del av sitt elektroniske landskap. Sidsel er ein stadig meir fascinerane effektboks i seg sjølv.

– Jeg håper Bollani & co tilgir oss, høyrer vi ho seie gjennom ståande applaus og jubel.

Dét trur eg heilt sikkert dei gjer.

 

 

 

Besøkt 24 ganger